2008: Prinsesse Märtha Louise

Eventyr- og fruktbygda Sauherad er kvart år arena for Norsk Eplefest og kårar i samband med dette vinnaren av Årets Gulleple. Det er ei glede for oss på vegne av Norsk Eplefest å tildele Prinsesse Märtha Louise Årets Gulleple.

Styret for Norsk Eplefest, som er jury for prisen; grunngir valet av prisvinnaren på denne måten: Årets prisvinnar er ei ekte eventyrprinsesse som modig og nyskapande formidlar og fører vidare norsk forteljarkunst. Med røter i eventyrbygda står ho fram som ei av Evas døtre med alle dei verdiane Norsk Eplefest står for: formidling av tradisjonsrik kunst og kultur, kunnskap, fruktbarhet og næringsutvikling basert på personlege og lokale ressursar.

Eit gyllent epletre mot blå himmel er symbol for fruktbygda Sauherad. Det kan romme fruktbarhet, kunnskap, næring, makt og kultur. Gjennom Norsk Eplefest set vi desse verdiane i fokus og inviterer små og store til folkefest, der alle skal få sjå, lukte, smake og kjøpe eple i alle variantar. Fruktnæringa opnar hage, gardsutsalg og fruktlager. Kunst- og kulturbygda Sauherad vil blomstre med utstillinger og konsertar heile helga. Det blir leik og aktivitetar for små og store, og god, gammaldags marknadsstemning med salgsboder, smaksprøver, informasjon og tilbod for heile familien.

I år har vi ei sterk kobling mellom frukt og eventyr og det er derfor ekstra moro å kunne heidre ei ekte eventyrprinsesse med Årets Gulleple. Kunstnaren Erik Werenskiold  og eventyrteiknaren Theodor Kittelsen fann levande modellar til naturalistiske måleri og eventyrteikningane sine her i bygda i 1880 åra. Kanskje han også møtte slekta til prinsesse Märtha Louise, som budde i Gamlegata på Gvarv.

Norsk Eplefest har motteke svarbrev der prinsessa takker for prisen som ho set stor pris på å få. Årets prisvinnar ventar sitt tredje barn og må derfor takke nei til invitasjonen til årets Eplefest, men vil motta prisen ved eit anna høve.

Prinsessen 2008

Prinsessen med Gulleplet i 2009. Foto: Ivar Solbu

Prinsessen 2008 - Eventyr

Prinsessen leser eventyr. Foto Ivar Solbu

Kontakt oss

Postadresse:
Norsk Eplefest AS
Idunsvoll 3
3812 Akkerhaugen
E-post: post@eplefest.no
Telefon: 913 48 216